Etiketter

søndag 15. mai 2011

IKT i barnehagen

Barn i barnehage skal få høve til å "få oppleve at digitale verktøy kan vere ei kjelde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap" (KD 2006). Det vert understreka at det ikkje er dei digitale verktøya i seg sjølv som er interessante, men måten personale brukar dei i sitt pedagogiske arbeid. 

Dei fleste barn har tilgang til datamaskin i våre dagar, men ein kan ikkje vite med sikkerheit i kva grad dei brukar datamaskin heime, og kva utbytte dei har av det. Det vil difor vere viktig for personale å legge opp til ein bruk av digitale verktøy i barnehagen som stettar kravet frå rammeplanen. Det er nok slik at ein del barnehagar brukar datamaskina til å sysselsetje barn, og ofte er det ulike dataspel som er aktiviteten. Her er det viktig at personale tek ansvar for det som skjer, og finn fram til spel av god kvalitet tilpassa barnet sin alder og utvikling.
Dersom ein har digitalt kamera på kvar avdeling kan barna ta bilete sjølve. Ikkje berre dei eldste barna, men barn ned til 2 år kan ta bilete av noko dei er opptekne av. Ved at dei får vere med å laste inn foto, skrive dei ut og laminere vil dei få inspirasjon til å vidareutvikle denne kunnskapen. Dei kan og få setje ord på opplevingane sine ved at den vaksne skriv tekst til. Dei eldste kan med litt hjelp finne bokstavar og lage tekst på datamaskina. Her får barna trening i å bruke tastatur og mus. Slik kan ein bruke dette som utgangspunkt for samtale og refleksjon saman med barna, og det vert og ein dokumentasjon på det som går føre seg i barnehagen.
Bruk av teikneprogram vil og vere eit viktig verktøy i det å bearbeide og kommunisere inntrykka sine, og barna vil raskt meistre ein slik teknikk. Ved å ha fargeskrivar tilkobla barna si datamaskin kan dei med litt hjelp, få skrive ut teikningar og foto. Ved bruk av photoscape kan barna få lære å redigere bilete, og photostory kan vere eit alternativ dersom ein vil setje saman bilete og film og dokumentere det ein arbeider med i barnehagen. Barna kan ta del ved å velje ut bilete, film, musikk og samtidig lære seg litt etter litt om framgangsmåten. Dette vil vere ein god måte å syne foreldre kva barna opplever i barnehagen. Bruk av blogg som eit bindeledd mellom foreldre og barnehage kan vere eit godt alternativ til samarbeid og kontakt. Her kan ein dele informasjon, kunnskap og meiningar om det ein har felles.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar