Etiketter

mandag 21. februar 2011

Kjekt å følgje med på fuglebrettet

Det er helst kjøtmeis, blåmeis,spettmeis og svarttrast som kjem. Trasta likar godt eple og brødskalkar. Raudstrupen til høgre er veldig forsiktig og held seg nede på bakken og plukkar frø. Spettmeis er meir frampå, dei vil ha maten for seg sjølve.

søndag 6. februar 2011

Arbeidskrav nr.3: Lauvtre om vinteren.

UTEFAGKLASSEN SER PÅ LAUVTRE




Ask

Eit stort og rankt tre, barken er grågrønn/brun og glatt. Etterkvart som treet vert eldre vil barken sprekke opp. Ask kan bli opptil 30 m høgt, kruna er glissen og har lite kvister. Eit godt kjenneteikn er dei oppoverbøygde kvistene i kruna, dei ser ut som "halen på ein hund" (Johansson 2001:36). Knoppane er svarte/filtete og minner om klauver. Dei er og oftast motsette, men kan og vere skeivt motsette, d.v.s. at dei ikkje alltid sit rett overfor kvarandre. Forgreininga er og motsett slik som bilete ovanfor viser. Blada er finnete med lansettforma, sagtakka småblad. Der er 4 -7 par småblad i kvart blad. Ask er det treet som har seinast bladsprett. Blada fellest tidleg om hausten, og som regel grøne (Ryvarden 2000).







Hassel

Hassel er eit lite tre eller busk, det kjem mange stammar/renningar frå same rot ( derav namnet"Hasselrunn").
Den kan bli omlag 4 m høg, store greiner som har opprett vekst og barken er gråbrun (Johansson 2000). Hassel trivest best i solvarme bakkar og urer, og på Vestlandet kan den danne små skogar. Enkeltstammar kan bli opptil 15 cm i diameter og kan bli opptil 8 m høge (Ryvarden 2001). Høgda vil nok variere med veksevilkår. Knoppane er eggrunde og hårete, litt flattrykte, gulbrune eller grønaktige. Dei har svært tettsitjande og mange knoppskjell og restar av kjertelhår på årsskota (Nettflora 1999). Blada er (mjuke, 10- 20 cm, nesten runde eller hjerteforma, har sagtakka rand med tydeleg spiss og er fint hårete eller ru på begge sider (Ryvarden 2001). Ein kan sjå at raklane er utvikla allereie no i Januar/Februar.




Hegg

Hegg er eit lite til middels stort tre som ofte veks buskaktig. Det har mange like greiner/stammar og barken er mørk (grå/svart). For å finne ut om det er hegg kan ein skrape i barken og vil då kjenne ei bitter og sterk lukt. Bark og ved inneheld eit giftstoff som er årsak til denne sterke lukta. Hegg er også eit varmekjært treslag, men finst over heile landet. Treet veks gjerne litt meir krypande og ser ut som kratt der vekstvilkåra ikkje er så gode slik som nordpå og i fjellet (Ryvarden 2000). Knoppar og årsskot er snaue og knoppane er trykt tett til kvisten. Eit godt kjennemerke er årsskota som er mørkebrune med lyse prikkar (Nettflora 1999). Blada er ovale og fint sagtakka kant. Oversida er glatt medan undersida har hårduskar langs hovudnerven (Ryvarden 2000).



Bjørk



Bjørka er eit hardført tre og er vanleg over heile landet. Den kan bli 25 m høg. Barken (neveren) er oftast lys brun på greinene og på unge tre. Når treet vert eldre vert barken først kvit og sprekk sidan opp og vert svart og knudrete, særleg på den nederste delen av stammen (Ryvarden 2000). Bjørk har høg krune. Hos hengebjørk heng dei ytterste greinene ned, unge kvister er utan hår men dei har harpiksvorter. Vanleg bjørk har opprette greiner og kvistane er lodne (Johansson 2001). Knoppane er ofte små, litt spisse med uryddig skjell. På farge er dei brunsvarte/grøne (spraglete) og ofte klebrige (Nettflora 1999). Blada er små (ca 5 cm), spisse med sagtakka kant. Hengebjørk har glatte blad, og hos vanleg bjørk er dei glatte på oversida og lodne på undersida (Johanson 2001).



 Lind

Lind er eit av dei største lauvtrea våre og er eit varmekjært treslag. Barken er brunleg med eit litt lilla skjær (Ryvarden 2000). Karakteristisk for lind er at det veks skot frå stammen, tynne kvister med blad. Kruna er stor og rund og har kraftige greiner, dei ytterste greinene er hengande. Blada er skeivt hjerteforma med tydeleg bladspiss, kanten er sagtakka, på undersida er det hårduskar langs hovudnerven (Johansson 2000). Knoppar og årsskot er blanke, og der treet får mykje sol vert dei og litt raudfarga. Knoppen kan minne om ein polvott i fasong fordi knoppar med to knoppskjell der det eine mindre enn det andre og står litt ut (Nettflora 1999). Frukta på treet er ei grøn loden nøtt og saman med frukt heng det stilk med eit vingeforma blad på. Dette er og eit kjennemerke sidan frukta heng på til langt utpå vinteren (Ryvarden 2000).




Or 

Svartor er eit stort tre der barken er mørk (svart) og oppsprukken som på bilete til høgre. Den er eit varmekjært treslag og ikkje så utbreidd som gråor. Gråor, som er vanleg over heile landet, har grå og glatt bark og er eit mindre og slankare tre. Konglar er kjennemerke for or, einaste lauvtreslaget som har konglar. Stilkete konglar på svartor og sitjande kongler på gråor (bilete til venstre). Knoppane er stilkete. Skrapar vi av bork på or er veden farga gul og blir etterkvart raudaktig. Blada til gråor er store, spisse og har tanna kant. Dei er glatte på oversida og hårete under. Blada til svartor er store og butte, dei har og tanna kant og er glatte på oversida. Bladnervane har rustraude hår langsetter på undersida (Ryvarden 2000).



Osp

Osp er vanleg i heile landet, den kan bli ca 30 m høg, har ein rank og kraftig stamme. Barken er først gulgrøn og glatt, men slik som med dei fleste lauvtre sprekk barken opp og etterkvart vert ospebarken temmeleg mørk (gråsvart). Ospa formeirer seg ved vindpollinering men og med rotskot. Kjennemerke kan vere alle desse rotskota som dukkar opp kring mortreet og lagar små lundar eller skogholt (Ryvarden 2000). Knoppane er gulbrune og glinsande/klebrige, dei fleste er spisse men nokre kan og vere butte. Årsskota er gulbrune (Nettflora 1999). Blada er runde, glatte, sagtakka med ein lang flattrykt stilk, dette med stilken er det som gjer at blada skjelv (Johansson 2001).



Selje

Eit middels eller stort tre med mange greiner, likar seg best der det er fuktig men er vanleg over heile landet. Barken er lys grågrøn på unge tre, men sprekk opp etterkvart som det vert eldre og vert gråsvart i fargen. Kjenneteikn: Sprekker vert som langsgåande furer i barken (Ryvarden 2000). Vi kjenner selje på at knoppane har berre eit knoppskjell, dannar ei "hette" rundt heile knoppen (Nettflora 1999). Blada er breie, spisse og oversida er mørk grøn. Undersida er matt og gråloden. Eit årsskot kan bli opptil to meter langt. Desse skota er svært bøyelege og vart mykje brukt til fletting av korger, matter og nett i tidlegare tider (Ryvarden 2000).



Rogn

Rogn veks over heile Norge og den kan bli opptil 15 m høg. Barken er glatt og askegrå eller lys grågrøn. På gamle rogntre sprekk barken opp og vert ujamn. Greinene har opprett vekst, og går ut frå same punkt som der stammen sluttar (Johansson 2001). Knoppane er brunsvarte på farge, knoppane er store, lodne og sit på kortskot. Det er lang avstand mellom knoppane på langskota (Nettflora 1999). Blada er samansette, taggete og har 5 - 7 par småblad og eit endeblad (Johansson 2001). Om vinteren heng det ofte att klasar med bær som er god mat for mange fuglar.


Litteraturliste:
Johansson, Stina m. fl. (2001): Rundt i naturen sammen med barn 1 Gyldendal Norsk Forlag
Ryvarden, Leif (2000): Trær Norsk naturleksikon for barn N.W. DAMM & SØN A.S











onsdag 2. februar 2011

PUS

Glad i trast!

Fugleregistrering...

Vi ser mykje fuglar i barnehagen, men det er ikkje så lett å få teke bilde. Vi har hengt opp foringsautomat og meisebollar, vi har observert kjøtmeis, granmeis og ein som vi trur heiter gulirisk. Vi har hengt opp fugleplakat inne i barnehagen og prøvar å finne ut namna. To stokkender (tydeleg til høgre) fekk vi bilde av ein dag vi var ned til sjønå med brødskalkar. Heime har vi sett opp fuglebrett, men lite besøk foreløpig. Meisene er mest interesserte i plommetrea, og pusen er veldig interessert i trast.